Boksar

SJå alle boksane, kor vene dei er. Dei lyser fagert.

Jau, dette er spanande. Me kikkar kanskje inn i kvar vår boks, men der inne er me samankopla. Samankopla i eitt stort nett.

Jau, det er vent.

Annonser

Leveranse

Alle veit at kyr har det best i India

Kua låg på enga og stirra på gjerdet. Denne satans innretninga som skil ho frå resten av verda. Ho gløtta på graset utføre inngjerdinga og kunne ganske riktig stadfesta, som det gamle ordtaket seier, at graset faktisk var grønare på andre sida. Det var visst noko med vinkelen frå kvar ein såg, ho var usikker. Hadde ikkje følgt så godt med i naturfagen. Dei snakka mest om optimal utmjølkings-prosent uansett.

Ho rauta forakteleg, og konstaterte at gjerdet definitivt var for høgt til å hoppa over. Dette satans gjerdet. Det som haldt ho att frå ei verd full av lukter og lydar. Men det var fint her òg. For all del. Det å liggje sånn på ei fjellhylle og speide utover fjorden, mens ein tygga graset for tredje gongen – det var jo direkte nydeleg. Ho var inga dum ku, ho skjønte kor heldig ho var som fekk vekse opp på eit økologisk nisjelandbruk på vestlandet. Men det betydde jo ikkje at trongen til å oppdage likevel var vekke. Trass dette var det noko i ho som lokka. Ho kunne nesten høyra det no – som eit pulserande lokkerop. Djupt, mjukt og fjernt. Ho kunne høyra det kalla. India, India, India. Og vinden i trea, var det ein sitar ho høyrte?

Sitaren vart tydlegare, så, som at ho fekk straum kvikna ho til. Dette var då ikkje nokon sitar – det var slaktebilen! Ragget stod rett til vers, og ho rauta plutseleg i full panikk. Ho skjønte det no for grinda var opna. Ho skjønte kven dei var her for.

Men ho var jo enno så ung – eller ho følte seg vertfall ung. Berre 11 år. Det var da ingen alder å snakka om. Ikkje tre fulle regjeringsperiodar ein gong! Nei, dette kunne ikkje skje! Skulle ikkje skje! Ikkje! Dei skulle faen ikkje få laga kjøttdeig av ho, ikkje om ho fekk eit raut med i laget. Ho tok til å springe. Først ei kontrollert lunt, så i full galopp. Dei måtte tru ho hadde blitt gal. Dei fekk tru kva dei ville! Det gjekk fort no. Det var som om beina levde sitt eige liv. Som at ho ikkje lenger var i kontakt med bakken.

Bonden Jon var komme ut på enga no. Ho sikta rett på han. Han hadde ei bestemt mine i andletet, sjølv om blikket hadde eit slags sørgjeleg slør over seg. Ho var eigentleg glad i bonden Jon, men no fekk det berre vera. Det var han som var rævhòlet her, ikkje ho. Det var vel for fanken ikkje han som skulle sendast på kjøttdeig-AFP. Bonden Jon strakte hendene ut til sidene som for å gjera seg sjølv til ei grind. Ho fnyste. Han fekk berre stå, så skulle han få sjå! Ho smalna blikket og bøygde hovudet framover så ho kunne stange når ho trefte han. Blikket til bonden Jon var framleis sørgjeleg. Men no var det som å sjå rim smelta for sola, og det som låg under var redsel. Intens redsel.

Bonden Jon kasta seg i full panikk til sides akkurat i det Dagros-Margrethe kom brasande forbi, og snissa kroppen hans. Som eit godstog utan bremser. Han stirra forfjamsa på bakenden til det som hadde vore favorittkua hans. Munnen berre opna seg til ein stor o, og auga vart til klinkekuler i det
Dagros-Margrethe brasa utføre stupet. Ho var jo tullerusk heile kua. Hadde ho blitt gal? Eller var det han som hadde blitt gal? For no høyrte han ei rauting i det fjerne. «India, India, India» sa rautinga. Det gjekk ikkje ann!

Mannen frå Bring stod med ein pakke i hendene og stirra måpande på oppsynet med bonden som låg på enga. Kvifor ropte han «India» om att og om att?

Ole Bertil, 10/4-18

Annonser

Eg døyr

Eg døyr. Sakte men sikkert. Cellene i kroppen vert brutt ned. Og eg sit her og tenkjer «eg døyr».

Det skjer om eg vil eller ei. Det kalde taket frå tida, daudens elskerinne, som heilt utan misskunn stramar taket rundt strupen min.

Stramare og stramare. Det mørknar no, og straks er det eksamen.

Annonser

Hijab

Eg las saka i bladet Sunnhordland om episoden på Kiwi Sæ som ikkje kan kallast som anna enn rein religionshets. Kva er det med desse skauta så får sinne sånn i kok på så mange av oss? Går me litt tilbake i tid var det heilt vanleg å sjå kvinner i skaut, så det kan ikkje vera sjølve plagget.

Det kan jo verka som mange meiner at desse plagga er undertrykkande og støytar oss for dei representerer ein religion og ein kultur så annleis enn vår eigen. Då vil eg spørja; kva er det me står for, og kva er våre verdiar?

Kjernen i saka er at dei som reagerer med avsky og sinne på ein hijab meiner at personen som ber han vert undertrykka. Er det då rett at me skal gå inn å diktere kva kleder dei skal bere? Skal me sitje på vår høge hest og sei at «dette» er krava for å vere fri og likestilt? Er ikkje prisen for å ha eit fristilt samfunn akkurat å måtte tole menneske som er ulike oss sjølve?

I mine auge er me ikkje hakket betre enn dei undertrykkande statane sjølv, når me hetsar folk som vel å bere eit hovudplagg. Kvifor dei vel å gå med det får vera deira sak!

Skal me erklæra oss som eit fritt og demokratisk land så må folk få velje kva dei skal kle seg i sjølv, utan at sinte kvite menn skal agere på ein sånn måte!

Og til deg herr Barfot så vil eg seia at du berre trakkar endå meir i salaten då du byrjar eit sånt usmakeleg innlegg med at du igjen dikterar kva denne kvinna skal bera av kleder, før du skal gje denne orsaka di. Eg les heller ikkje noko anger i innlegget ditt, berre meir framandhat skjult av dårlege formuleringar, og sinnsforvirra argumentasjon!