Leveranse

Alle veit at kyr har det best i India

Kua låg på enga og stirra på gjerdet. Denne satans innretninga som skil ho frå resten av verda. Ho gløtta på graset utføre inngjerdinga og kunne ganske riktig stadfesta, som det gamle ordtaket seier, at graset faktisk var grønare på andre sida. Det var visst noko med vinkelen frå kvar ein såg, ho var usikker. Hadde ikkje følgt så godt med i naturfagen. Dei snakka mest om optimal utmjølkings-prosent uansett.

Ho rauta forakteleg, og konstaterte at gjerdet definitivt var for høgt til å hoppa over. Dette satans gjerdet. Det som haldt ho att frå ei verd full av lukter og lydar. Men det var fint her òg. For all del. Det å liggje sånn på ei fjellhylle og speide utover fjorden, mens ein tygga graset for tredje gongen – det var jo direkte nydeleg. Ho var inga dum ku, ho skjønte kor heldig ho var som fekk vekse opp på eit økologisk nisjelandbruk på vestlandet. Men det betydde jo ikkje at trongen til å oppdage likevel var vekke. Trass dette var det noko i ho som lokka. Ho kunne nesten høyra det no – som eit pulserande lokkerop. Djupt, mjukt og fjernt. Ho kunne høyra det kalla. India, India, India. Og vinden i trea, var det ein sitar ho høyrte?

Sitaren vart tydlegare, så, som at ho fekk straum kvikna ho til. Dette var då ikkje nokon sitar – det var slaktebilen! Ragget stod rett til vers, og ho rauta plutseleg i full panikk. Ho skjønte det no for grinda var opna. Ho skjønte kven dei var her for.

Men ho var jo enno så ung – eller ho følte seg vertfall ung. Berre 11 år. Det var da ingen alder å snakka om. Ikkje tre fulle regjeringsperiodar ein gong! Nei, dette kunne ikkje skje! Skulle ikkje skje! Ikkje! Dei skulle faen ikkje få laga kjøttdeig av ho, ikkje om ho fekk eit raut med i laget. Ho tok til å springe. Først ei kontrollert lunt, så i full galopp. Dei måtte tru ho hadde blitt gal. Dei fekk tru kva dei ville! Det gjekk fort no. Det var som om beina levde sitt eige liv. Som at ho ikkje lenger var i kontakt med bakken.

Bonden Jon var komme ut på enga no. Ho sikta rett på han. Han hadde ei bestemt mine i andletet, sjølv om blikket hadde eit slags sørgjeleg slør over seg. Ho var eigentleg glad i bonden Jon, men no fekk det berre vera. Det var han som var rævhòlet her, ikkje ho. Det var vel for fanken ikkje han som skulle sendast på kjøttdeig-AFP. Bonden Jon strakte hendene ut til sidene som for å gjera seg sjølv til ei grind. Ho fnyste. Han fekk berre stå, så skulle han få sjå! Ho smalna blikket og bøygde hovudet framover så ho kunne stange når ho trefte han. Blikket til bonden Jon var framleis sørgjeleg. Men no var det som å sjå rim smelta for sola, og det som låg under var redsel. Intens redsel.

Bonden Jon kasta seg i full panikk til sides akkurat i det Dagros-Margrethe kom brasande forbi, og snissa kroppen hans. Som eit godstog utan bremser. Han stirra forfjamsa på bakenden til det som hadde vore favorittkua hans. Munnen berre opna seg til ein stor o, og auga vart til klinkekuler i det
Dagros-Margrethe brasa utføre stupet. Ho var jo tullerusk heile kua. Hadde ho blitt gal? Eller var det han som hadde blitt gal? For no høyrte han ei rauting i det fjerne. «India, India, India» sa rautinga. Det gjekk ikkje ann!

Mannen frå Bring stod med ein pakke i hendene og stirra måpande på oppsynet med bonden som låg på enga. Kvifor ropte han «India» om att og om att?

Ole Bertil, 10/4-18

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *