Hent Meistermannen

Eg har ofte lurt på om ein kan sjå inn i sjela til nokon? Korleis kan ein veta kven som er ven og kven som er fiende? Eller handlar alt om persepsjon? Eg har det jo sjølv med å tru at alt eg føretek meg er sant og godt. Eg ønskjer å vera sannferdig. Tru og traust. Heil ved. Men så kjem livet og sparkar deg i skrittet. Og det skjønne, reine og sanne sklir mellom fingrane. Men me gjer så godt me kan, det er alt ein kan krevja. Det kan vera ein tung jobb å overtyda seg sjølv om at ein stadig gjer sitt beste. Eg har sjølv omtrent 30 års trening no. Det er ein konstant katt-og-mus-leik. Det er gøy og spanande å halde på. Nærare og nærare kjem han, skuggen ein prøvar å overtyda. Men så er det som å høyra glas knusa. Ein er «busta». No er det krise, og inn på glattcella med seg!

Retten er sett. Det betyr at alle kan setja seg. Alle utanom meg. Eg er tiltala for sjølvbedrag. Alle veit det er det verste bedraget ein har. Det å få tiltalelista lese opp sånn til ein sjølv, ingenting er verre. Eg kunne så inderleg vona at nokon andre kunne komme å overteke. Hadde berre nokon andre tiltala meg, skulda, køyrt prosessen – då hadde alt vore så grådig mykje betre. Dei ville vore rettferdige. Dei ville ha lytta til meg, prøvd å forstå. Prøvd å skjønna. Eg måtte lyga, skjønnar du ikkje det?! Og eg trudde ikkje eg laug heller. Eg var sannferdig, trudde eg. Alt kom til å bli bra. Gjer me litt sånn vil ting bli annleis.

«Nok!» seier dommaren. «Eg har høyrt nok. Er det verkeleg slik? Trur du verkeleg på alt dette pisspreiket ditt? Vel, eg seier nok. Bøddel, finn fram øksa – ho skal svinga. Kom med meistermannen. I dag skal optimisten bøta med livet. Du er dømt under paragrafen for vranglære og spreiing av falskt håp.»

Når dei var ferdig stod dei litt tomme att. Og det var tomt, eller vertfall betre plass. Alle trudde han heit Håp, med det viste seg å vera Falskt Håp. Men no er han daud og gravlagd. Sannleg det seier eg dykk, kjem det ein ny ein og veks fram, då skal me ha argusauge på han frå første stund. Me har ikkje råd til fleire falske profetar no!

Ole Bertil, 26/4-18

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *