Kategoriarkiv: Ukategorisert

La ulven leva

Harald var ute å gjekk i fjellet. Det var ein fager vårdag, ein av årets første. Liksom som at kong-vinter og prinsesse-sumar nett var ferdig med eit episk slag, der prinsessa kom sigrande ut; og dette var dei siste krampetrekningane til kongen. Vinden skar litt i kinnet, men elles var det fint her oppe. Det var godt å komma seg litt vekk frå kontoret, det hadde vore så møkje stress i det siste. Når du budde på ein sånn liten stad så var det visst ikkje lov å vera ueinig med fleirtalet, kunne det verke som. For all del, måtte ikkje skile seg ut; ingenting var verre enn det. Han hadde jo forstått at jobben som naturforvaltar i antakeleg vis ikkje ville vera så populær hjå ein del av bøndene i kommunen. Dei prøvde å drifta i ein natur. Han prøvde å verna han. Ein skulle jo tru at dei kunne vera semde. Det var jo faktisk sånn at han ønskje mest mogleg naturvenleg og berekraftig drift. Soleis kunne framtidige generasjonar òg nyta godt av ressursane her. Men det fekk ikkje nokon gehør hjå bøndene. At dei ikkje kunne sjå paradokset, ironien i alt saman? Det var jo nettopp bøndene som var mest avhengig av denne naturen han prøvde å forvalta, beskytta mot kortsiktig og tankelaus drift. Han ytra eit fnys. Han hadde kanskje verdas beste jobb, om ein såg vekk frå alle grauthovuda han måtte ha kontakt med på jamleg basis.

Då han kom opp mot toppen opna det seg ei slags lita vidde før den siste knausen på ein 50-60 meters høgd. Då ville han vera oppe og ha utsikt over omtrent heile kommunen. Nesten utruleg at i sine 34-år hadde han framleis til gode å ta denne toppen her. Han var jo riktig nok ingen fjellentusiast, tvert i mot. Men han følte seg jo plikta til å gjer seg til kjenne med naturen i kommunen her. Det var liksom noko anna når ein hadde vore å gått i områda ein var ansvarleg for. Han funderte på kva sti over den vetle vidda som verka tryggast. Ho såg i alle fall grådig myrete ut. Skulle han ta kjangsen? Det var eit stykke rundt, og han hadde ikkje ete på nokre timar. Det kunne sjå ut som at nokon hadde steinsett ein sti gjennom myra. Låg det steinar slik måtte det ha fart folk her før, då burde stien vera trygg. Han smilte nøgd av sitt eige resonnement, ganske logisk. Han tok eit prøvande steg ut; joda, steinane verka stødige. Han begynte å gå forsiktig, men kjente seg straks mykje meir vågal. Fann liksom takta utover myra, no følte han seg djerv. Det var diverre ikkje alle som sette pris på god logisk resonnering. Han hadde ikkje tal på kor mange festar og nachspiel som hadde blitt øydelagt av akkurat den same diskusjonen. Det var alltid ein litt brautande bondetamp med kaps og snusleppe som spurte han noko sånt som: om han likte å knulle på desse skabbete kjøterane, sidan han absolutt ville ha dei her. Det var jo pukk umogleg å diskutera sakleg med slike folk. Han kom med prosentar, arealstal og påpeika at me ikkje herska uavgrensa over naturen. At ulven høyrte heima her, og var eit tilskot til faunaen i Noreg. Dei flirte berre nedsettande av han, og sa at han kom til å endra meining den dagen han fekk born. Det var så frustrerande. Det var liksom noko som skjedde med folk i det dei fekk born. For det første visste ein plutseleg mykje betre enn alle andre. Og så blei ein livande redd alt: vaksine, gluten, laktose, sukker, og no sist; ulv. Forsking og vitskap, det skulle dei ikkje høyra noko av. Så lenge det kunne vera farleg for barna, så betydde ingenting anna noko som helst. Han fnyste.

Slorp sa det i det steinen og høgrefoten trakka ned forsvann ned i myra, med han hakk i hæl. Høgrefoten trengte seg ned i myra, og stoppa ikkje før midt på låret. Han følte seg litt forfjamsa, kom med eit høgt «hehh».  Han hadde vore heilt i sine eigne tankar. Han konstaterte at fallet ikkje hadde gjort vondt i det heile, neste behageleg på ein måte. Han var så varm frå gåinga at det var litt herleg å kjøla ned foten slik. Men no måtte han reisa seg, kunne ikkje ligga sånn heile dagen. Han forsøkte å reisa seg frå den keitete knelestillinga utan hell. Venstrefoten var klappa heilt i saman, nett som om det ikkje var noka kraft igjen. Han kjente berre mjølkesyra i leggen, ho kom sigande. Ubrukeleg! Heile venstrefoten var jo lamma. Han prøvde å hippsa seg opp og trekke til seg høgrefoten, han stakk djupt ned i myra. Kjende nesten ut som at nokon hadde festa eit tungt lodd i ankelen. Festa det jamt på heile foten så det ikkje skulle gjera vondt. Foten sat fast!

Dette gjekk ikkje an. Sitta fast slik. Han hugsa på biologistudiet då dei fekk sjå kadaveret på ein hest som var blitt tatt av myra. Han hadde klart å stokke av frå garden sin, og lagt på sprang mot skogen. Der hadde han galoppert rett inn i myra. Hesteeigaren hadde komme opp, akkurat for å sjå at halsen og hovudet til hesten forsvann ned i myra – han var ikkje til å redda. Og no sat han altså i det sjølv, eller rettare sagt knela. Gud betre kor han satt. Det gjekk ikkje an. «Hjelp», ropte han, litt tilbakehalden. «Hjelp» ein gong til, denne gongen litt høgare. Ingenting. Han stirra i kring seg. Det var liksom ikkje så fagert her lengre no, og han var ikkje så varm lengre heller. «Hjelp!!» gaula han av lungers fulle kraft. Det var så kraftig at det skar i halsen. Hadde han brukt opp stemma si allereie? Det skralla og dunka i skallen, så han fekk ta ein pause. Kunne ikkje hugse sist han hadde ropt alt han klarte, på den måten. Hadde ikkje ropt slik sidan han var gutunge. Men det var ingenting med det som gav han noko gleda no. «Dette her skjedde eigentleg ikkje», sa den optimistiske stemma i han sjølv. Men kva som eigentleg føregjekk kunne ikkje stemma svara han på. Det var ingenting hyggeleg med å stå i denne stillinga. Og snu seg rundt og sjå bak seg, det gjekk ikkje. Eitt eller anna brann i nakken hans, som to auge som stira rett inn i nakken hans. Sveita sprang ut, sjølv om han ikkje var varm. Dette likte han ikkje.

Mobiltelefonen! Kvifor hadde han ikkje tenkt på det med ein gong? Mobilen låg i venstre bukselomma. Han drog ut mobilen, han var heilt fuktig. Skjermen syna éin dekningsstrek og 8% batteri. Kven skulle han ringe til? Han ville jo ikkje setta i gong noko fela sirkus heller. Han prøvde å finna nummeret til Peder på kontaktlista, men telefonen ville ikkje lystre. Han kjente det ustyrlege raseriet i seg ta til å boble. Det verkte på ein god og vond måte i magen, og han følte for å bita nokon. Han flekka tenner i frustrasjon, og det skya straks over. Mørke skyer. Han prøvde å tørka av den fuktige skjermen, men det var ingen tørr stad å tørke; den syntetiske treningsjakka var heilt blaut. Han slapp ut eit «aagh», og prøvde igjen. Endeleg! Det knitra i røyret, så eit kort ring. No eit veldig langt eit, til slutt eit vanleg igjen. Det peip for å gje beskjed om at mobilen snart var tom for straum, og han kjente sinne komma igjen. «Ta no telefonen, din ubrukelege faen», tenkte han. Det gjekk til telefonsvar. Han la på. Trykka på namnet til Peder ein gong til. Telefonen trygla om straum no, enno meir pågåande. Om han berre ville brukt den siste straumen på å ringa, ikkje dette maset her! Det gjekk til mobilsvar igjen. Kva var dette? Det blenka og peip i det Google Play starta å lasta ned dei siste oppdateringane til tre appar. No kvein det i telefonen. Heile skjermen lyste opp, så var han daud. «Argh! Din jævla ubrukelege dritfaen!» Han gaula så høgt i forbanning at det gav gjenklang. I vilt raseri prøvde han utan hell å knekka telefonen i to. Då det ikkje gjekk pelma han mobilen så langt han kunne. Åh, no var han sint. Så begynte han å rykka foten mot seg. Brukte sinnet no. Rykka alt han var mann for. Igjen og igjen. Foten kom gradvis, men jo høgare opp, jo tyngre vart det – som at det var vakuum under skoen. Han kunne aldri ha hugse å vore så sint før. Som eit dyr i bur. Klar til å drepa. Han la seg på ryggen, banna og steikte. Foten kom sakte. Tyngre og tyngre vart det, men no skulle han ikkje gje seg. Det var han mo naturen, og de kunne berre vera éin sigerherre. Blode dunka kraftig i årene, og han følte seg så sterk som aldri før. Men foten satt fast.

«Aaaaargh!» gaula han. Denne frustrasjonen, dette likna ikkje noko han hadde vore borti før. Det var rett og slett naturen som hadde lagt beslag på han. Rana i frå han fridommen. Og her låg han, bom fast. Foten var sege nedi myra igjen. Han kjente hatet i kroppen, ville så gjerne berre slå. Ein eller annan, berre slå nokon no. Dette sinnet var uvant, han brukte aldri å bli sånn sint. Det varma bak augo hans, og musklane i overkroppen stramma seg. Han prøvde å setja seg i kneståande igjen, og reise seg opp, men foten i myra var ikkje til å rikke no. Nett som om han satt enno betre etter han nesten fekk han opp.  Og igjen kjente han augo som brann seg inn bak han. Det hadde teke til å mørkne litt no. Det var jo eigentleg litt seint å leggje ut på tur. Lett å bli reven med når våren endeleg var her. Men no var all hygge forsvunne som dogg for sola, og her var berre villmark att. Naturen, den sterke si rett. Og månen dukka fram bak fjellknausen. Det var alltid noko merkeleg med å sjå månen før sola gjekk ned. Som ei nattevakt som kom på jobb for tidleg. Alle visste kva som kom. Og her sat han, bom fast og venta på natta. Månen var kvit og klår. Han kikka tydleg fram i eit hol i dei mørke skyene. Sola forsvann, og det tok straks til å mørkna.

Han stokk til! Han måtte ha duppa av. Det hadde vore ein eller annan lyd. Merkeleg kor stilt det var her elles. Himmelen var blitt heilt mørk; han skimta berre månen som ein bleik profil bak ei litt tynne sky. Det var eit ekkelt grått lys her, så ein kunne akkurat skimta konturane av trea borte på kanten til vidda. Så høyrte han ein raslelyd igjen. Kva var det? Det måtte ha komme nærmare. Han hadde sige enno lengre ned i myra no, var nesten til lysken på høgrefoten. Den andre låg strekt rak ut, så han satt i ei unaturleg stilling. Måtte sjå komisk ut. No var lyden heilt tydeleg. Eit slags lågt knurr. Men frå kvar? Han stirra rundt seg, såg ingenting. Han hugsa godt då han var i militæret og satt på nattevakt. Til slutt begynte trena å flytte på seg og bli til troll. Det var sånt som skjedde. Det var kanskje det som skjedde no òg? Men det å høyre lydar var nytt. Det hadde han ikkje høyrt andre fortelja om heller. Der var det igjen. Ei låg knurring. Kunne det vera nokon som lufta hunden sin her oppe, så seint? «Hjeeelp!», ropa han. Han lytta. Ingen svar. Berre ei låg rasling. Dette likte han ikkje! Og heile tida kjente han auga som svimerke i nakken. Nokon følgde han med blikket. Han var sikker no. Kroppen lamma seg sakte av panikk, og det var nett so han stoppa å pusta. Heile kroppen var frosen, utanom augo, dei flakka rundt. Han såg ingenting, nei der? Han synst han såg ein mørke skygge komma nærmare han. Så høyrte han det. Han hadde høyrt det mange gongar på film, men blei sjokkert over kor høgt det var. Eit ul, langt ul. «Ohoooouuuyyy» Han kjente håra på kroppen stod rett til vers, og munnen sleppe ut eit gisp. Dyret var nærare.

Saka hadde vore enkel. Dei hadde inga grunnlag for å krevja felling av ulv her i kommunen. I ein kommune med over 89 % utmark, og grense mot Sverige, så var det naturleg at ulven skulle få vera. Dette var heller ikkje nokon stortinget la seg oppi, direkte. Og på fylkesnivå krangla dei stadig. Ordføraren hata ulv, og hadde eit flott bilete av ein varg i bilruta på Range Roveren sin, med ein raud ring og strek over. Men ein kunne ikkje la personlege emosjonar styra kommunen, som Harald argumenterte med. Etter ein grundig rapport på over 200 sider, og heimel i all tilgjengeleg jus som fantes, var saka biff. Og med dei føringane som var gjeve frå miljødirektoratet, hadde kommunestyret til slutt ikkje noko val. Ordføraren vart raud i kjakane og smal i auga då han las opp avgjersla. Det var ein av dei beste dagane i Haralds yrkeskarriere så langt.

Dette kunne ikkje skje! Det var for dumt. Det var godt over 200 år sidan nokon menneskje var teken av ulv her i landet. Han ensa det no – dyret. Dette var ikkje berre nokon stor hund, dette var eit beist. Noko ut i frå helvetes portar. Det kom nærmare. Ville det våga seg utpå myra då? Han kunne sjå vargen no; tydeleg i profil mot himmelen bak fjellkanten. Han var raggete og omtrent jamhøg med han, i denne stillinga. Øyra stakk rett til vers, og halen retta seg mot marka. Ragget var særskild kraftig nedover halsen, dette måtte vera ein han. Han stoppa og ula opp mot himmelen. Det var ein heilt forferdeleg lyd. Det skar igjennom heile kroppen, og han tok til å skjelve nokon valdsamt. Vargen snusa på bakken, så retta han blikket opp og såg rett mot han. Hovudet stod rett utor kroppen. «Vææhr. Vææhr. Vekk med seg! Vekk, vekk! Vekk med seg!». Han gaula så høgt han kunne, og veifta med armane framføre seg, men beistet berre stod heilt i ro og glodde. Han kunne skimta auga så vidt det var, to små gule kuler som lyste. Tårene sprengte utor augo no, etter kvart som vargen nærma seg han. «Sjå til å kom då, ditt jævla udyr!». Vargen tok ikkje notis av orda hans, kom berre i den ekle lunta si. Nærmare og nærmare. «Men eg beskytta deg. Du skal ikkje ta slike som meg. Eg er ikkje mat. Det er ikkje meg du skal ta. Utan meg hadde dei skote deg. Eg forsvara deg. Eg…». Stemma sprakk, og no var skjelvinga heilt ukontrollerbar. Ulven var fem meter unna han no. Han stoppa opp, og såg på han. Så flekka han tenner, og knurra djupt frå halsen. Himmelen mørkna til.

Det skya heilt over, utanom ei lita glipe. Gjennom glipa lyser det ein klår, kvit måne. Stor som ei sol. Og lyset slår som ei søyle ned på ei myr, rett ved Liartoppen. I myra, rundt nokon blodige filler, ligg det ein kaps. På kapsen står det: «La ulven leva!».

 

Ole Bertil Tingvoll, 3/5-18

Hent Meistermannen

Eg har ofte lurt på om ein kan sjå inn i sjela til nokon? Korleis kan ein veta kven som er ven og kven som er fiende? Eller handlar alt om persepsjon? Eg har det jo sjølv med å tru at alt eg føretek meg er sant og godt. Eg ønskjer å vera sannferdig. Tru og traust. Heil ved. Men så kjem livet og sparkar deg i skrittet. Og det skjønne, reine og sanne sklir mellom fingrane. Men me gjer så godt me kan, det er alt ein kan krevja. Det kan vera ein tung jobb å overtyda seg sjølv om at ein stadig gjer sitt beste. Eg har sjølv omtrent 30 års trening no. Det er ein konstant katt-og-mus-leik. Det er gøy og spanande å halde på. Nærare og nærare kjem han, skuggen ein prøvar å overtyda. Men så er det som å høyra glas knusa. Ein er «busta». No er det krise, og inn på glattcella med seg!

Retten er sett. Det betyr at alle kan setja seg. Alle utanom meg. Eg er tiltala for sjølvbedrag. Alle veit det er det verste bedraget ein har. Det å få tiltalelista lese opp sånn til ein sjølv, ingenting er verre. Eg kunne så inderleg vona at nokon andre kunne komme å overteke. Hadde berre nokon andre tiltala meg, skulda, køyrt prosessen – då hadde alt vore så grådig mykje betre. Dei ville vore rettferdige. Dei ville ha lytta til meg, prøvd å forstå. Prøvd å skjønna. Eg måtte lyga, skjønnar du ikkje det?! Og eg trudde ikkje eg laug heller. Eg var sannferdig, trudde eg. Alt kom til å bli bra. Gjer me litt sånn vil ting bli annleis.

«Nok!» seier dommaren. «Eg har høyrt nok. Er det verkeleg slik? Trur du verkeleg på alt dette pisspreiket ditt? Vel, eg seier nok. Bøddel, finn fram øksa – ho skal svinga. Kom med meistermannen. I dag skal optimisten bøta med livet. Du er dømt under paragrafen for vranglære og spreiing av falskt håp.»

Når dei var ferdig stod dei litt tomme att. Og det var tomt, eller vertfall betre plass. Alle trudde han heit Håp, med det viste seg å vera Falskt Håp. Men no er han daud og gravlagd. Sannleg det seier eg dykk, kjem det ein ny ein og veks fram, då skal me ha argusauge på han frå første stund. Me har ikkje råd til fleire falske profetar no!

Ole Bertil, 26/4-18

Ein halvdrukken kopp fransk urtete

Det er ein søvnig laurdags føremiddag i Skostredet, midt i Bergen by. På det som likna ein fransk kafé sit ei kvinne i byrjinga av dei tjuve og stirra utor glaset. Ho studera menneskja som går forbi. Framføre seg har ho ei skriveblokk av det finare slaget og ein fyllepenn, ein halvdrukken kopp te og eit fat med to kjeks på. Ho ser frustrert ut. Tygg nesten manisk på pennen ho held i handa. Så tek ho til å skriva. Kva er dette? Er det jubel, applaus og fyrverkeri ho høyrer i det fjerne? Å nei, det var visst berre handlelista. Ho lener seg attende i stolen og stirrar tomt ut i lufta.

Fartande inn kjem ei elegant dame med flammeraudt hår og mjølkekvit hud. På seg har ho ei fløyelsgrøn kåpe. Ho skrittar bestemt fram til bordet og gjer ho ein god klem. «Der er du, finingen min. Korleis går det? Er det den neste Amalie Skram som sit her?» Ho smilar med auga når ho seier det. Kari føler seg teit, men kvar gong Solveig seier slikt til ho kan ho ikkje hjelpe for ei varm god kjensle som spreiar seg frå magen. «Vel, erhm. Ikkje akkurat, trur eg. Skal eg bli den nye Skram må eg klare å skriva meir enn ei handleliste.» «Få sjå». Før Kari rekk å seia noko har Solveig nappa notatboka utor hendene hennar. Ho kjenner eit kaldt guffs gå igjennom kroppen. Solveig må ikkje sjå diktet ho skreiv. Ho fattar sikkert ikkje meininga bak uansett, men om ho klarar og ikkje raudna er ein annan sak.

«Ondskapens blomster» les Solveig høgt. Men du likar jo ikkje blomar du?» «Nei, det er eit dikt av Charles Baudelaire.» Ho nappar boka utav hendene hennas igjen. «Men i den litterære verda skal ein jo helst skriva om ting som ikkje er henta rett frå sitt eige liv. Elles vert det så gjennomsiktig og keisamt heile greia.» Solveig peikar ut på gata og seier «sjå der» mens ho nappar boka triumferande attende, og bler i ho på ny. Kari gjev opp. Ho får berre sjå i boka. Kanskje ho i det minste kan gje ho litt inspirasjon.  «Fuglane i sivet, og svanar som flyg i saman mot solnedgangen? Eg ana ikkje at du var så ornitologisk av deg?» «Erhm, igjen: kunstnarisk fridom, eller kva i svarten det heiter». «Ja vel». Kari kjende varmen i kinna og trykket i hovudet no. Heilt sidan ho var lita hadde ho aldri klart å kjenne forskjell på når ho raudna eller ikkje. Ho fekk berre håpe Solveig trudde ho var varm. Solveig reiste seg resolutt utan å seia noko, og gjekk bort til bardisken. Ho kom att med to glas raudvin. «Om du vil skriva som ein kunstnar må du leva som ein kunstnar.» «Jo, men klokka er ikkje middag ein gong.» «Spelar inga rolle. I dag er du bohem. Vertfall nok til å ta deg eit glas vin ein laurdags føremiddag.» Kari tok glaset. Det kunne jo sikkert ikkje skade. Ho nippa til raudvinen. Det smaka eventyrleg, og det var som at skuldrene falt eit lite hakk for kvart nipp. Til slutt var det vel berre pudding att av ho. Ho klukka av tanken.

«Så, fortel meg: kva skjedde eigentleg mellom deg og Jasper? Eg trudde han var ein bra fyr? Kontorist i banken og alt ting.» «Ja, nei. Det var ikkje noko gale med han, sånn sett. Eg berre…» Ho visste ikkje heilt kva ho skulle seia. Jasper hadde fridd til ho på ein tur oppå Blåfjellet. Ho hadde blitt så paff. Einaste ho hadde klart å tenke var at Jasper snart var blitt heilt skalla. Ho såg korleis sololja og sveitta blanda seg på issen, mens han stod på kne og bad ho spandera livet sitt på han. På ein måte ville ho gjerne trulove seg med han, det hadde vore så enkelt. Så vanleg. Men ho visste at ho ikkje kom til å klare å gifte seg med han. Dei hadde gått på stemnemøte no sidan den juletrefesten i advent. Det hadde vore så greitt. Han hadde stadig handsama ho fint, og vore det mange ville ha kalla ein gentleman. Ho ville berre lurt alle, lurt seg sjølv – men det gjekk ikkje. Jasper vart ikkje arg. Det var berre som å sjå lufta gå ut av ein stor ballong. Og det som var att var ein liten, vonbroten gut. Han sa han forstod, sjølv om ho tvilte sterkt på det. Han sa han ville at dei skulle vera venar, sjølv om ho tvila på det også. Ho sa ikkje meir enn ho måtte, men trudde kanskje han forstod. At han såg maska ho hadde på seg, og kven ho var under maska.

«Eg og Jasper, me ville liksom berre forskjellige ting. Han ville jo stifta familie med mange born, og eg ville reisa rundt i verda og oppleva ting. Smaka på ting. Er så lei av denne byen no. Han gjer meg ingenting. Dei same folka, dag etter dag. Nokon gonger lengtar eg etter at sjølv noko vondt må skje. Ikkje for at eg ønskjer det, men fordi då kan eg vertfall føla noko. Føla noko utan å verta dømt. Utan at naboane eller andre skal blanda seg oppi kven eg er glad i, eller går på fest med.» Solveig såg storauga på ho. Det hadde komme så møkje på ein gong. Ho hadde ikkje planlagd det. Kanskje det var vinen. «Ehmm, ja. Det var jo… Men du har jo ikkje snakka om reising før, eller kven du skal vera glad i..?» Det vart stille. «Men dette er kanskje bra.» Solveig smilte igjen no. «Ja, sånn som du sa Kari, treng ikkje å meina det for å skriva om det. Kjempebra. Skriv om det å reisa og å vera glad i… Skriv om det.» Kva var dette? Raudna Solveig litt no? Ho trudde aldri ho skulle få sjå det. Solveig var den tøffaste dama ho visste. Aldri redd noko eller nokon. Ho smilte. «Kanskje det. Lyt vera sånn kreativ kunstnarsjel no når eg har blitt ein bohem, veitt du». No smilte dei til kvarandre. «Ja!» Ho såg nøgd ut. Som når ein får hjelpa nokon ein bryr seg om. Solveig tok den siste skvetten med vin i ein slurk og sa «vel, no må eg vidare. Men takk for visitten i di bohemske verd. Har du skrivesperre, gjer sånn som meg. Ta å byrj med dagens dato, og litt om dagen i dag. Då plar det å losne.» Solveig gav ho ein varm klem, og før ho hadde rokke å sei så møkje som «hadet» var ho faren igjen. Som ein midtsommarbris. Ho smilte draumane. Ein varm og fantastisk bris. Ho fekk bruke kjensla ho hadde no til å skriva noko fint. Det kom nok ikkje til å skje så møkje spanande her uansett. Ho opna ei ny side i boka. Tok fyllepennen og skreiv «Ein midtsommarbris» som overskrift, og til høgre daterte ho: 6. april, 1940. Jau, dette vart bra!

Ole Bertil, 23/4-18

Leveranse

Alle veit at kyr har det best i India

Kua låg på enga og stirra på gjerdet. Denne satans innretninga som skil ho frå resten av verda. Ho gløtta på graset utføre inngjerdinga og kunne ganske riktig stadfesta, som det gamle ordtaket seier, at graset faktisk var grønare på andre sida. Det var visst noko med vinkelen frå kvar ein såg, ho var usikker. Hadde ikkje følgt så godt med i naturfagen. Dei snakka mest om optimal utmjølkings-prosent uansett.

Ho rauta forakteleg, og konstaterte at gjerdet definitivt var for høgt til å hoppa over. Dette satans gjerdet. Det som haldt ho att frå ei verd full av lukter og lydar. Men det var fint her òg. For all del. Det å liggje sånn på ei fjellhylle og speide utover fjorden, mens ein tygga graset for tredje gongen – det var jo direkte nydeleg. Ho var inga dum ku, ho skjønte kor heldig ho var som fekk vekse opp på eit økologisk nisjelandbruk på vestlandet. Men det betydde jo ikkje at trongen til å oppdage likevel var vekke. Trass dette var det noko i ho som lokka. Ho kunne nesten høyra det no – som eit pulserande lokkerop. Djupt, mjukt og fjernt. Ho kunne høyra det kalla. India, India, India. Og vinden i trea, var det ein sitar ho høyrte?

Sitaren vart tydlegare, så, som at ho fekk straum kvikna ho til. Dette var då ikkje nokon sitar – det var slaktebilen! Ragget stod rett til vers, og ho rauta plutseleg i full panikk. Ho skjønte det no for grinda var opna. Ho skjønte kven dei var her for.

Men ho var jo enno så ung – eller ho følte seg vertfall ung. Berre 11 år. Det var da ingen alder å snakka om. Ikkje tre fulle regjeringsperiodar ein gong! Nei, dette kunne ikkje skje! Skulle ikkje skje! Ikkje! Dei skulle faen ikkje få laga kjøttdeig av ho, ikkje om ho fekk eit raut med i laget. Ho tok til å springe. Først ei kontrollert lunt, så i full galopp. Dei måtte tru ho hadde blitt gal. Dei fekk tru kva dei ville! Det gjekk fort no. Det var som om beina levde sitt eige liv. Som at ho ikkje lenger var i kontakt med bakken.

Bonden Jon var komme ut på enga no. Ho sikta rett på han. Han hadde ei bestemt mine i andletet, sjølv om blikket hadde eit slags sørgjeleg slør over seg. Ho var eigentleg glad i bonden Jon, men no fekk det berre vera. Det var han som var rævhòlet her, ikkje ho. Det var vel for fanken ikkje han som skulle sendast på kjøttdeig-AFP. Bonden Jon strakte hendene ut til sidene som for å gjera seg sjølv til ei grind. Ho fnyste. Han fekk berre stå, så skulle han få sjå! Ho smalna blikket og bøygde hovudet framover så ho kunne stange når ho trefte han. Blikket til bonden Jon var framleis sørgjeleg. Men no var det som å sjå rim smelta for sola, og det som låg under var redsel. Intens redsel.

Bonden Jon kasta seg i full panikk til sides akkurat i det Dagros-Margrethe kom brasande forbi, og snissa kroppen hans. Som eit godstog utan bremser. Han stirra forfjamsa på bakenden til det som hadde vore favorittkua hans. Munnen berre opna seg til ein stor o, og auga vart til klinkekuler i det
Dagros-Margrethe brasa utføre stupet. Ho var jo tullerusk heile kua. Hadde ho blitt gal? Eller var det han som hadde blitt gal? For no høyrte han ei rauting i det fjerne. «India, India, India» sa rautinga. Det gjekk ikkje ann!

Mannen frå Bring stod med ein pakke i hendene og stirra måpande på oppsynet med bonden som låg på enga. Kvifor ropte han «India» om att og om att?

Ole Bertil, 10/4-18

Eg døyr

Eg døyr. Sakte men sikkert. Cellene i kroppen vert brutt ned. Og eg sit her og tenkjer «eg døyr».

Det skjer om eg vil eller ei. Det kalde taket frå tida, daudens elskerinne, som heilt utan misskunn stramar taket rundt strupen min.

Stramare og stramare. Det mørknar no, og straks er det eksamen.

Hijab

Eg las saka i bladet Sunnhordland om episoden på Kiwi Sæ som ikkje kan kallast som anna enn rein religionshets. Kva er det med desse skauta så får sinne sånn i kok på så mange av oss? Går me litt tilbake i tid var det heilt vanleg å sjå kvinner i skaut, så det kan ikkje vera sjølve plagget.

Det kan jo verka som mange meiner at desse plagga er undertrykkande og støytar oss for dei representerer ein religion og ein kultur så annleis enn vår eigen. Då vil eg spørja; kva er det me står for, og kva er våre verdiar?

Kjernen i saka er at dei som reagerer med avsky og sinne på ein hijab meiner at personen som ber han vert undertrykka. Er det då rett at me skal gå inn å diktere kva kleder dei skal bere? Skal me sitje på vår høge hest og sei at «dette» er krava for å vere fri og likestilt? Er ikkje prisen for å ha eit fristilt samfunn akkurat å måtte tole menneske som er ulike oss sjølve?

I mine auge er me ikkje hakket betre enn dei undertrykkande statane sjølv, når me hetsar folk som vel å bere eit hovudplagg. Kvifor dei vel å gå med det får vera deira sak!

Skal me erklæra oss som eit fritt og demokratisk land så må folk få velje kva dei skal kle seg i sjølv, utan at sinte kvite menn skal agere på ein sånn måte!

Og til deg herr Barfot så vil eg seia at du berre trakkar endå meir i salaten då du byrjar eit sånt usmakeleg innlegg med at du igjen dikterar kva denne kvinna skal bera av kleder, før du skal gje denne orsaka di. Eg les heller ikkje noko anger i innlegget ditt, berre meir framandhat skjult av dårlege formuleringar, og sinnsforvirra argumentasjon!