Månedlige arkiver: mai 2018

La ulven leva

Harald var ute å gjekk i fjellet. Det var ein fager vårdag, ein av årets første. Liksom som at kong-vinter og prinsesse-sumar nett var ferdig med eit episk slag, der prinsessa kom sigrande ut; og dette var dei siste krampetrekningane til kongen. Vinden skar litt i kinnet, men elles var det fint her oppe. Det var godt å komma seg litt vekk frå kontoret, det hadde vore så møkje stress i det siste. Når du budde på ein sånn liten stad så var det visst ikkje lov å vera ueinig med fleirtalet, kunne det verke som. For all del, måtte ikkje skile seg ut; ingenting var verre enn det. Han hadde jo forstått at jobben som naturforvaltar i antakeleg vis ikkje ville vera så populær hjå ein del av bøndene i kommunen. Dei prøvde å drifta i ein natur. Han prøvde å verna han. Ein skulle jo tru at dei kunne vera semde. Det var jo faktisk sånn at han ønskje mest mogleg naturvenleg og berekraftig drift. Soleis kunne framtidige generasjonar òg nyta godt av ressursane her. Men det fekk ikkje nokon gehør hjå bøndene. At dei ikkje kunne sjå paradokset, ironien i alt saman? Det var jo nettopp bøndene som var mest avhengig av denne naturen han prøvde å forvalta, beskytta mot kortsiktig og tankelaus drift. Han ytra eit fnys. Han hadde kanskje verdas beste jobb, om ein såg vekk frå alle grauthovuda han måtte ha kontakt med på jamleg basis.

Då han kom opp mot toppen opna det seg ei slags lita vidde før den siste knausen på ein 50-60 meters høgd. Då ville han vera oppe og ha utsikt over omtrent heile kommunen. Nesten utruleg at i sine 34-år hadde han framleis til gode å ta denne toppen her. Han var jo riktig nok ingen fjellentusiast, tvert i mot. Men han følte seg jo plikta til å gjer seg til kjenne med naturen i kommunen her. Det var liksom noko anna når ein hadde vore å gått i områda ein var ansvarleg for. Han funderte på kva sti over den vetle vidda som verka tryggast. Ho såg i alle fall grådig myrete ut. Skulle han ta kjangsen? Det var eit stykke rundt, og han hadde ikkje ete på nokre timar. Det kunne sjå ut som at nokon hadde steinsett ein sti gjennom myra. Låg det steinar slik måtte det ha fart folk her før, då burde stien vera trygg. Han smilte nøgd av sitt eige resonnement, ganske logisk. Han tok eit prøvande steg ut; joda, steinane verka stødige. Han begynte å gå forsiktig, men kjente seg straks mykje meir vågal. Fann liksom takta utover myra, no følte han seg djerv. Det var diverre ikkje alle som sette pris på god logisk resonnering. Han hadde ikkje tal på kor mange festar og nachspiel som hadde blitt øydelagt av akkurat den same diskusjonen. Det var alltid ein litt brautande bondetamp med kaps og snusleppe som spurte han noko sånt som: om han likte å knulle på desse skabbete kjøterane, sidan han absolutt ville ha dei her. Det var jo pukk umogleg å diskutera sakleg med slike folk. Han kom med prosentar, arealstal og påpeika at me ikkje herska uavgrensa over naturen. At ulven høyrte heima her, og var eit tilskot til faunaen i Noreg. Dei flirte berre nedsettande av han, og sa at han kom til å endra meining den dagen han fekk born. Det var så frustrerande. Det var liksom noko som skjedde med folk i det dei fekk born. For det første visste ein plutseleg mykje betre enn alle andre. Og så blei ein livande redd alt: vaksine, gluten, laktose, sukker, og no sist; ulv. Forsking og vitskap, det skulle dei ikkje høyra noko av. Så lenge det kunne vera farleg for barna, så betydde ingenting anna noko som helst. Han fnyste.

Slorp sa det i det steinen og høgrefoten trakka ned forsvann ned i myra, med han hakk i hæl. Høgrefoten trengte seg ned i myra, og stoppa ikkje før midt på låret. Han følte seg litt forfjamsa, kom med eit høgt «hehh».  Han hadde vore heilt i sine eigne tankar. Han konstaterte at fallet ikkje hadde gjort vondt i det heile, neste behageleg på ein måte. Han var så varm frå gåinga at det var litt herleg å kjøla ned foten slik. Men no måtte han reisa seg, kunne ikkje ligga sånn heile dagen. Han forsøkte å reisa seg frå den keitete knelestillinga utan hell. Venstrefoten var klappa heilt i saman, nett som om det ikkje var noka kraft igjen. Han kjente berre mjølkesyra i leggen, ho kom sigande. Ubrukeleg! Heile venstrefoten var jo lamma. Han prøvde å hippsa seg opp og trekke til seg høgrefoten, han stakk djupt ned i myra. Kjende nesten ut som at nokon hadde festa eit tungt lodd i ankelen. Festa det jamt på heile foten så det ikkje skulle gjera vondt. Foten sat fast!

Dette gjekk ikkje an. Sitta fast slik. Han hugsa på biologistudiet då dei fekk sjå kadaveret på ein hest som var blitt tatt av myra. Han hadde klart å stokke av frå garden sin, og lagt på sprang mot skogen. Der hadde han galoppert rett inn i myra. Hesteeigaren hadde komme opp, akkurat for å sjå at halsen og hovudet til hesten forsvann ned i myra – han var ikkje til å redda. Og no sat han altså i det sjølv, eller rettare sagt knela. Gud betre kor han satt. Det gjekk ikkje an. «Hjelp», ropte han, litt tilbakehalden. «Hjelp» ein gong til, denne gongen litt høgare. Ingenting. Han stirra i kring seg. Det var liksom ikkje så fagert her lengre no, og han var ikkje så varm lengre heller. «Hjelp!!» gaula han av lungers fulle kraft. Det var så kraftig at det skar i halsen. Hadde han brukt opp stemma si allereie? Det skralla og dunka i skallen, så han fekk ta ein pause. Kunne ikkje hugse sist han hadde ropt alt han klarte, på den måten. Hadde ikkje ropt slik sidan han var gutunge. Men det var ingenting med det som gav han noko gleda no. «Dette her skjedde eigentleg ikkje», sa den optimistiske stemma i han sjølv. Men kva som eigentleg føregjekk kunne ikkje stemma svara han på. Det var ingenting hyggeleg med å stå i denne stillinga. Og snu seg rundt og sjå bak seg, det gjekk ikkje. Eitt eller anna brann i nakken hans, som to auge som stira rett inn i nakken hans. Sveita sprang ut, sjølv om han ikkje var varm. Dette likte han ikkje.

Mobiltelefonen! Kvifor hadde han ikkje tenkt på det med ein gong? Mobilen låg i venstre bukselomma. Han drog ut mobilen, han var heilt fuktig. Skjermen syna éin dekningsstrek og 8% batteri. Kven skulle han ringe til? Han ville jo ikkje setta i gong noko fela sirkus heller. Han prøvde å finna nummeret til Peder på kontaktlista, men telefonen ville ikkje lystre. Han kjente det ustyrlege raseriet i seg ta til å boble. Det verkte på ein god og vond måte i magen, og han følte for å bita nokon. Han flekka tenner i frustrasjon, og det skya straks over. Mørke skyer. Han prøvde å tørka av den fuktige skjermen, men det var ingen tørr stad å tørke; den syntetiske treningsjakka var heilt blaut. Han slapp ut eit «aagh», og prøvde igjen. Endeleg! Det knitra i røyret, så eit kort ring. No eit veldig langt eit, til slutt eit vanleg igjen. Det peip for å gje beskjed om at mobilen snart var tom for straum, og han kjente sinne komma igjen. «Ta no telefonen, din ubrukelege faen», tenkte han. Det gjekk til telefonsvar. Han la på. Trykka på namnet til Peder ein gong til. Telefonen trygla om straum no, enno meir pågåande. Om han berre ville brukt den siste straumen på å ringa, ikkje dette maset her! Det gjekk til mobilsvar igjen. Kva var dette? Det blenka og peip i det Google Play starta å lasta ned dei siste oppdateringane til tre appar. No kvein det i telefonen. Heile skjermen lyste opp, så var han daud. «Argh! Din jævla ubrukelege dritfaen!» Han gaula så høgt i forbanning at det gav gjenklang. I vilt raseri prøvde han utan hell å knekka telefonen i to. Då det ikkje gjekk pelma han mobilen så langt han kunne. Åh, no var han sint. Så begynte han å rykka foten mot seg. Brukte sinnet no. Rykka alt han var mann for. Igjen og igjen. Foten kom gradvis, men jo høgare opp, jo tyngre vart det – som at det var vakuum under skoen. Han kunne aldri ha hugse å vore så sint før. Som eit dyr i bur. Klar til å drepa. Han la seg på ryggen, banna og steikte. Foten kom sakte. Tyngre og tyngre vart det, men no skulle han ikkje gje seg. Det var han mo naturen, og de kunne berre vera éin sigerherre. Blode dunka kraftig i årene, og han følte seg så sterk som aldri før. Men foten satt fast.

«Aaaaargh!» gaula han. Denne frustrasjonen, dette likna ikkje noko han hadde vore borti før. Det var rett og slett naturen som hadde lagt beslag på han. Rana i frå han fridommen. Og her låg han, bom fast. Foten var sege nedi myra igjen. Han kjente hatet i kroppen, ville så gjerne berre slå. Ein eller annan, berre slå nokon no. Dette sinnet var uvant, han brukte aldri å bli sånn sint. Det varma bak augo hans, og musklane i overkroppen stramma seg. Han prøvde å setja seg i kneståande igjen, og reise seg opp, men foten i myra var ikkje til å rikke no. Nett som om han satt enno betre etter han nesten fekk han opp.  Og igjen kjente han augo som brann seg inn bak han. Det hadde teke til å mørkne litt no. Det var jo eigentleg litt seint å leggje ut på tur. Lett å bli reven med når våren endeleg var her. Men no var all hygge forsvunne som dogg for sola, og her var berre villmark att. Naturen, den sterke si rett. Og månen dukka fram bak fjellknausen. Det var alltid noko merkeleg med å sjå månen før sola gjekk ned. Som ei nattevakt som kom på jobb for tidleg. Alle visste kva som kom. Og her sat han, bom fast og venta på natta. Månen var kvit og klår. Han kikka tydleg fram i eit hol i dei mørke skyene. Sola forsvann, og det tok straks til å mørkna.

Han stokk til! Han måtte ha duppa av. Det hadde vore ein eller annan lyd. Merkeleg kor stilt det var her elles. Himmelen var blitt heilt mørk; han skimta berre månen som ein bleik profil bak ei litt tynne sky. Det var eit ekkelt grått lys her, så ein kunne akkurat skimta konturane av trea borte på kanten til vidda. Så høyrte han ein raslelyd igjen. Kva var det? Det måtte ha komme nærmare. Han hadde sige enno lengre ned i myra no, var nesten til lysken på høgrefoten. Den andre låg strekt rak ut, så han satt i ei unaturleg stilling. Måtte sjå komisk ut. No var lyden heilt tydeleg. Eit slags lågt knurr. Men frå kvar? Han stirra rundt seg, såg ingenting. Han hugsa godt då han var i militæret og satt på nattevakt. Til slutt begynte trena å flytte på seg og bli til troll. Det var sånt som skjedde. Det var kanskje det som skjedde no òg? Men det å høyre lydar var nytt. Det hadde han ikkje høyrt andre fortelja om heller. Der var det igjen. Ei låg knurring. Kunne det vera nokon som lufta hunden sin her oppe, så seint? «Hjeeelp!», ropa han. Han lytta. Ingen svar. Berre ei låg rasling. Dette likte han ikkje! Og heile tida kjente han auga som svimerke i nakken. Nokon følgde han med blikket. Han var sikker no. Kroppen lamma seg sakte av panikk, og det var nett so han stoppa å pusta. Heile kroppen var frosen, utanom augo, dei flakka rundt. Han såg ingenting, nei der? Han synst han såg ein mørke skygge komma nærmare han. Så høyrte han det. Han hadde høyrt det mange gongar på film, men blei sjokkert over kor høgt det var. Eit ul, langt ul. «Ohoooouuuyyy» Han kjente håra på kroppen stod rett til vers, og munnen sleppe ut eit gisp. Dyret var nærare.

Saka hadde vore enkel. Dei hadde inga grunnlag for å krevja felling av ulv her i kommunen. I ein kommune med over 89 % utmark, og grense mot Sverige, så var det naturleg at ulven skulle få vera. Dette var heller ikkje nokon stortinget la seg oppi, direkte. Og på fylkesnivå krangla dei stadig. Ordføraren hata ulv, og hadde eit flott bilete av ein varg i bilruta på Range Roveren sin, med ein raud ring og strek over. Men ein kunne ikkje la personlege emosjonar styra kommunen, som Harald argumenterte med. Etter ein grundig rapport på over 200 sider, og heimel i all tilgjengeleg jus som fantes, var saka biff. Og med dei føringane som var gjeve frå miljødirektoratet, hadde kommunestyret til slutt ikkje noko val. Ordføraren vart raud i kjakane og smal i auga då han las opp avgjersla. Det var ein av dei beste dagane i Haralds yrkeskarriere så langt.

Dette kunne ikkje skje! Det var for dumt. Det var godt over 200 år sidan nokon menneskje var teken av ulv her i landet. Han ensa det no – dyret. Dette var ikkje berre nokon stor hund, dette var eit beist. Noko ut i frå helvetes portar. Det kom nærmare. Ville det våga seg utpå myra då? Han kunne sjå vargen no; tydeleg i profil mot himmelen bak fjellkanten. Han var raggete og omtrent jamhøg med han, i denne stillinga. Øyra stakk rett til vers, og halen retta seg mot marka. Ragget var særskild kraftig nedover halsen, dette måtte vera ein han. Han stoppa og ula opp mot himmelen. Det var ein heilt forferdeleg lyd. Det skar igjennom heile kroppen, og han tok til å skjelve nokon valdsamt. Vargen snusa på bakken, så retta han blikket opp og såg rett mot han. Hovudet stod rett utor kroppen. «Vææhr. Vææhr. Vekk med seg! Vekk, vekk! Vekk med seg!». Han gaula så høgt han kunne, og veifta med armane framføre seg, men beistet berre stod heilt i ro og glodde. Han kunne skimta auga så vidt det var, to små gule kuler som lyste. Tårene sprengte utor augo no, etter kvart som vargen nærma seg han. «Sjå til å kom då, ditt jævla udyr!». Vargen tok ikkje notis av orda hans, kom berre i den ekle lunta si. Nærmare og nærmare. «Men eg beskytta deg. Du skal ikkje ta slike som meg. Eg er ikkje mat. Det er ikkje meg du skal ta. Utan meg hadde dei skote deg. Eg forsvara deg. Eg…». Stemma sprakk, og no var skjelvinga heilt ukontrollerbar. Ulven var fem meter unna han no. Han stoppa opp, og såg på han. Så flekka han tenner, og knurra djupt frå halsen. Himmelen mørkna til.

Det skya heilt over, utanom ei lita glipe. Gjennom glipa lyser det ein klår, kvit måne. Stor som ei sol. Og lyset slår som ei søyle ned på ei myr, rett ved Liartoppen. I myra, rundt nokon blodige filler, ligg det ein kaps. På kapsen står det: «La ulven leva!».

 

Ole Bertil Tingvoll, 3/5-18